Øystese Bubilparkering - Siderfestivalen i Hardanger 6-8 oktober

Arrangementsinformasjon
Default file 1501156561

Parker bubilen eller campingvogna di her under Siderfestivalen 6-8 oktober. Romslig, flatt grusdekke, vatnuttak, søppelhandtering, utsikt til Folgefonna og kun 300 m til sentrum og festivalen

Me har også lagd ut 18 bubilplasser på Kvam Ungdomskule. 300 m frå festivalen med flott utsyn over bygda. Her er vatnuttak og søppelmottak. Ta til venstre i rundkjøring i sentrum viss du kjem frå vest. Køyr 300 m og ta til venstre rett etter XL-bygg. Køyr over bru og ta til høgre.

Me har i dag lagt ut endå ein ny oppstillingsplass: Plenen ved Hardangerfjord Hotell. Her er lagt ut 20 plasser. Tilgang til vatn. Sjølvsagt grasdekke :) Her kjem ingen oppstillingskart. De må plassera dykk sjølve med rett avstand (minst 4 m mellom kvar bil). Ta hensyn til kvarandre.   

Velkomen til Siderfestivalen! I Hardanger er det lange tradisjonar for å lage sider og det er eit stort mangfald av siderprodusentar. Dei lagar alle kvar sin unike sider; sprudlande, tørre, lette, søte...Slå av ein prat med produsenten og smak deg fram til din favorittsider på festivalen. Vossing og siderentusiast Arne Hjeltnes kjem for å settje sitt preg på festivalen. Sjølvas­te Staut spelar, det vert stor marknad, litteratur, gardsbesøk og mykje god mat og drikke. Programmet kjem etterkvart på www.siderfestival.no